Noreg on fire.

Noreg er som etter OL i 1994. Medfart. Noreg taklar finanskrisa til dømes. Det skal ikkje stå på pengar. I tillegg vinn vi Melodi Grand Prix, og slår alle gamle Grand Prix-rekordar med ein song som inneheld klare trekk av noko særnorsk. Det er 17. mai og vêret er svært, svært bra, Noreg viser seg [...]

Snevre blad

Av og til dunkar det ned blad og tidsskrift i postkassa våra som ein ikkje berre får ein til å trekkje på smilebandet, men endåtil får ein til å le. Høgt. Eit døme på eit slikt blad går under det fengjande namnet “Gjødselaktuelt“, og det kan fortelje oss om kvifor gjødselåret 2009 har vore eit [...]

Lost and found

Eg har mista tre ganske viktige ting i det siste, musikkhistorieboka mi (nærmar seg eksamenstid), brillene mine og notane til eksamensreportoaret mitt. Det var heilt krise, eg hadde ei liste oppe i hovudet mitt der eg hadde oppskrive kva eg mangla. Alle desse tinga er slike ting som eg har bruk for i næraste framtid [...]

Å salige stund utan like

I dag skjedde det noko kjekt noko. Eg rydda rommet mitt og oppdaga plutseleg ein konvolutt eg hadde lagt inn mellom CD-ane mine. I den låg 700 kr som eg fekk til bursdagen min for nokre veker sidan. Desse hadde eg gløymt heilt! Å salige stund utan like! Det er ikkje sant at ein ikkje [...]

Det stig av hav eit alveland. Jadda.

Koppefjellet + mai er ein veldig god idé.

Dagen før var eg på dette fjellet
 

 Men då var det litt vått.

Eitt år

I desse dagar fyller bloggen min eitt år. I mai i fjor syntest eg at det var litt skummelt. No er det litt mindre skummelt. Eg trur blogginga har vore litt givande for meg, kanskje har eg blitt litt flinkare i norsk? Eitt år med blogg har ført til:
2 selde måleri
éin jobb i Synste Møre
99 [...]

Oi

Oi, eg har hatt 10 000 besøkande på bloggen min, og eg har hatt den i mindre enn eit år. Katid begynte det å ta av?

Henrik fortel om fire ting som i utgangspunktet ikkje har noko med kvarandre å gjere

 
Eg var med i juryen i UKM i Vanylven førre laurdag. Det var den tredje helga på rad med UKM (Ørsta-Volda-Vanylven). Dette kan kome godt med i framtida då målet med livet mitt er å verte Idol-dommar. Det var tidenes største oppslutning på UKM i denne kommuna, der både utstillinga og programmet var fyldig og [...]

Min nye mp3-spelar

Eg fekk meg ein ny mp3-spelar i bursdagen min. Veldig greitt sidan den forrige sa opp i Barcelona. Veldig greitt sidan det er 5 gongar meir plass på den nye. Den er ganske übergoodlooking (for å blande eit verdsspråk med eit eksverdsspråk) ganske slank og svart og kvit. Den såg liksom ny og fin ut. [...]

I dag kjøpte eg aftenposten.

I dag kjøpte eg aftenposten. På narvesen. Det har eg aldri gjort før. Eg følte meg ganske vaksen og moden. Eg kunne ha kjøpt meg noko snop. For å vege opp, liksom. Gjerne eit barnsleg snop, eit slikt som er meir som ei plastleike med ei eller anna form for snop festa på seg. Men [...]