Eg har komt i skade for å teikne alle i klassa mi, og sidan eg er så flink til å teikne har eg lagt dei ut på bloggen min. Litt sånn no og då. Eg kan jo ikkje legge ut alle på ein gong. Knallklasse! (Forresten så er farge og rekkjefølge temmeleg tilfeldig)
Simen er kanskje ein av dei mest musikalske i klassa vår. På musikalane til musikklinja vekslar han mellom å vere løve eller ein gal prest. Alt etter som.
Sunniva har eg kjent sånn ca alltid. Ho likar koslege ting, men ikkje navlar. Sjølvmotseiing? -Ja
Trude er “den andre frå Dalsfjorden”. Ho er ganske redd for pinlege stillheiter, og er ganske kjekk å kjete på veg opp frå ferja.
Sigmund er trommis og har (som du ser) trommestikker i baklomma. Han har piggete hår, og stemte på kystpartiet ved skulevalget fordi han mannen var så koseleg.
Ingvild (R) må synge ein song utan tekst på Ensemble, og har mange kjolar, som du ser på biletet
Jan Erik er visst frå Sogn og Fjordane og er dermed den einaste som er frå noko så eksotisk som “utanfor Sunnmøre”.
Har vore med i Idol, og er i stand til å rynke panna si. Myyyykje.
Åmdaling, har som regel ein gitar i hende, eller i nærleiken. 
Inga er ofte i avisa av ulike grunnar. Som for eksempel å ta over showet på Timbuktukonsert.
Runa heiter det same som ei færøysk kommune. Av og til ligg ein båt på Lauvstad med færøysk flagg som heiter Runavik.
Kristin har eit velutlvikla konkurranseinstinkt, og er aaaltfor god på klarinett til å spele i ungdomssymfonien, berre høgskuleorkesteret er bra nok.
Jørgen er bassist, og dersom du ikkje såg han på musikalen vår så har du gått glipp av noko!
Pål og Mailis er kjærastar. Difor har eg sett dei litt i lag sånn her.
Eg og Mailis har vore på landsmønstring! Det var kjempegøy!
Eg teikner traktorar på leggen til Torgeir i kortimane. Han er like snill og hyggjeleg som dagen er lang.
Dette biletet hadde eg lenge som bakgrunn på datamaskina mi. Olav og eg er i grunnen prikk like. Vi speler piano og er venstrehendte. Eg har stritt hår, då men.
Eg og Aurora er visst litt i slekt på ein eller annan måte. I alle fall spelar ho tverrfløyte.
Morten er noko så sjeldent som ein musikkelev som ikkje pratar veldig mykje.
Vittige Torkjell. Ein av dei mest kulturorienterte eg veit om.
Gard; kongen av Hovdebygda
Fredric er fylkesordførar. Eller noko sånt. Var det kanskje Statsminister i Beliga? Hugsar ikkje heilt.
Ingvil sender ut signal i hytt og pine. (Ho luktar ikkje ekkelt)

Camilia må finne seg i å bli kalt Camilla kvar gong nokon tek fråveret. Eg har streka under i-en.
Etter trygling, masing og dødstruslar har eg omsider teikna våre kjære kontaktlærarar. Litt merkeleg å legge ut dette i sommarferien då vi ikkje skal ha desse som klassestyrar neste år, menmen.
Maria er ein liten fargeklatt frå Kristiansund som berre plutseleg byrja i klassa vår.
























Det verste e at alle ligna!
(Trur ej he sagt det før.)
HAHA!!:D
Legg ut fleire da!!:):) vil ha, vil ha mer..(junkie)
WTF KAR E EJ?!
Som sagt legg ej ikkje ut alle på ein gong. Det gidde ej ikkje. Men til slutt vil mi samling vere komplett. Du må vere tolmodig, Olav. Du fekk jo til og med vere bakgrunnen min i år og dag.
skulle berre mangle
Og kor e EJ?? Og SVEIN??
hah, steik ta en hit!
Ja, helledutten meg! du må legge ut kontaktlærarane også!! Inga klasse utan lærar:)
høhøhø, inga klasse utan lærar, høhø
ej e forresten svært fornøgd med å vere den kulaste tegninga
Det ser ut som om ej lukta skikkelig ekkelt på ditta “bildet”.
e ej skalla:((
neida, du he berre hestehale
Ej ser ut som ei gammal bestemor:) Men ej kler de!!;) Haha
Ja dette er som å sjå fotografi av medelevane dine. Må seie at Kristin er særs bra teikna.
Ååå så snill du er m oss;)